Militær etterretning
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Militær etterretning er ei form for etterretning som fokuserar på innsamling, kontroll og formidling av informasjon om fiendtlege avdelingar, terreng og vêrforhold i operasjonsområder.
Dei fleste forsvarsorganisasjonane i verda har eigne avdelingar som driv militær etterretning. I Noreg driv spesielt Etterretningstenesta, Forsvarets militærgeografiske teneste, ISTAR-bataljonen, Forsvarets spesialkommando, Hærens jegerkommando, Marinejegerkommandoen, Kystjegerkommandoen, F/S «Marjata» og 717-skvadronen med militær etterretning. På tross av det er militær etterretning ei oppgåve som alle militære avdelingar har.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |