Mosebøkene
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mosebøkene er den eldste delen av Bibelen. Dei er den første av tre deler av den hebraiske Bibelen og utgjer dei fem første bøkene i Det gamle testamentet. Dei blir òg kalla pentateuken (den femfaldige boka) og på hebraisk Torá (תּוֹרָה, «Lova» eller «Læra»). Dei utgjer grunnlaget for jødisk religiøs lov.
Dei fem bøkene med deira hebraiske, greske og latinske namn er:
Norsk namn | Hebraisk namn | Gresk namn | Latinsk namn |
---|---|---|---|
Første Mosebok | בְּרֵאשִׁית (Bərēšīt, I byrjinga) | Γένεσις (Genesis, Opphavet) | Genesis |
Andre Mosebok | שְׁמוֹת (šəmōt, Namna) | Ἔξοδος (Exodos. Utgangen) | Exodus |
Tredje Mosebok | וַיִּקְרָא (vajjiqrā, Og kalla) | Λευιτικόν (Leuitikon, Om levittane) | Leviticus |
Fjerde Mosebok | בַּמִּדְבָּר (Bammidbār, I øydemarka) | Ἀριθμοί (Arithmoi, Tala) | Numeri |
Femte Mosebok | דְּבָרִים (Dəbārīm, Orda) | Δευτερονομίου (Deuteronomiou, Opptakingslova) | Deuteronomium |
Mosebøkene på ulike språk | ||
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |