Muhu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Muhu Lokalt namn: Muhumaa |
|
---|---|
Geografi | |
Stad | Austersjøen |
Koordinatar | |
Areal | 198 km² |
Administrasjon | |
Land | Estland |
Fylke | Saare |
Demografi | |
Folketal | 1 822 (2004) |
Muhu (på tysk Moon eller Mohn; på estisk òg kalla Muhumaa), er ei øya i Austersjøen ved kysten av Estland. Med eit areal på 198 km² er ho den tredje største øya i Estland, etter Saaremaa og Hiiumaa.
I lag med dei mindre naboøyane Kesselaid, Viirelaid, Võilaid og Suurlaid dannar ho Muhu kommune i Saare fylke. Kommunen har eit folketal på 1 822 (2004) og dekkjer eit område på 206,12 km². Folketettleiken er 8,8 km². Dei største tettstadane på Muhu er Kuivastu, Liiva og Koguva.
Øya ligg like utafor det estiske fastlandet med sundet Suur Väin i mellom, og mellom Saaremaa og Muhu lgg Väike Väin-sundet. Muhu er knytta til Saarema med vegfylling. Det er eit ferjesamband mellom Kuivastu på Muhu og Virtsu på fastlandet.
Muhu er kjend for å ha den einaste vindmølla som framleis er i drift i heile Estland, og for Slaget i Suur Väin-sundet i september-oktober 1917 mellom Russland og Tyskland.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Muhu frå Engelsk Wikipedia.