Neger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Neger er eit ord som kan visa til ein person med mørk hudfarge, hovudsakleg ein som har afrikansk avstamming. Omgrepet har etterkvart vorte sett på som eit nedsetjande uttrykk, og blir i dag helst brukt av uvit eller vondskap.
Ordet kjem frå det latinske niger, svart, og var lenge bare eit uttrykk som skildra mørk hudfarge. Ein brukte mellom anna australneger om australske urfolk.
Innhaldsliste |
[endre] Neger som skjellsord
[endre] I USA
Ettersom mørkhuda afrikanarar blei tvangsflytta i store mengder til Amerika og brukte der som slavar, fekk ordet ein brukte om dei nokre stader eit svært negativt innhald. Sjølv om dei frie etterkomarane av desse slavane i USA ei stund kalla folkegruppa si for Negroes, blei dette og ordet nigger etter kvart einstydande med å kalla nokon ein mindreverdig person, ein slave.
Bare det å bruka ordet nigger er nå tabu for dei fleste USA-amerikanarar, og ein refererer gjerne til det ved å bruka eufemismen «the N word». Bare nokre hippe, mannlege afroamerikanarar bruker ordet overfor kvarandre. I staden bruker ein gjerne omgrepet afroamerikanarar om denne folkegruppa.
![]()
Dette postkortet frå 1914 kaller negerungar for «alligatoragn».
|
[endre] I Noreg
I Norge er ikkje den negative tydinga like sterk, men å bruka det vil likevel seia at ein skjer alle mørkhuda under ein kam, at ein grupperer dei etter hudfargen utan å utan å sjå sjølve personen. Då Are Kalvø gav ut boka Kunsten å vere neger i 1996, var det for å ironisera over norske haldningar til framandkulturelle. Komikaren Johann Golden er ein annan som har stempla seg sjølv som neger for å gjera narr av uttrykket. Medan denne klart antirasistiske bruken av neger er blitt akseptert, vekte filmen Svidd neger frå 2003 sterkare reaksjonar.
[endre] Neger som normalt ord
I amerikanske land utanom USA, som Cuba og Argentina, kan negro eller diminutivet negrito brukast mellom vennar, og det er ikkje rekna som nedsetjande.
Omgrepet negrito blir òg brukt i Asia om fleire grupper urfolk frå øyar i det indiske havet og fastlandet rundt, utan å ha nokre negative konnotasjonar.
[endre] Lenkjer ut
- dokpro.uio.no - «Neger» i Nynorsk- og Bokmålsordboka frå Universitetet i Oslo.
- «Sensitive ord», frå Språknytt 3/2001, utgjeve av Språkrådet
- «En selvstendig tenker» av Espen Søbye frå Dagbladet, 21. januar 2002.