Nei til EU
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nei til EU er den store fellesrørsla mot norsk medlemskap i den europeiske unionen. Organisasjonen har medlemsorganisasjonar og medlemmer frå heile den politiske landskapen. Organisasjonen er ei vidareføring av Nei til EEC og Nei til EF, og legg stor vekt på internasjonal solidaritet i argumentasjonen mot medlemskap. Nei til EU sitt arbeidsutval er sett saman av Heming Olaussen som leiar, Torunn Kanutte Husvik og Maria Walberg, som nestleiarar, samt Per Steinar Osmundsnes som medlem. Nei til EU har fylkeslag i alle fylka, i tillegg til dei mange lokallaga.
[endre] Historie
I 1988 blei Opplysningsutvalet om Noreg og EF oppretta som ein formell medlemsorganisasjon med aktive lokal- og fylkeslag, ein demokratisk struktur og årsmøte.
Framfor EU-valet i 1994 samla organisasjonen enorme mengder medlemmer og stod heilt sentralt i grasrotopprøret mot innmelding i unionen. Før folkeavstemminga hadde Nei til EU 140 000 medlemmer og aktive lokallag i alle norske kommundar.
Sjølv etter EU-valet i 1994 vart organisasjonen oppretthalden, avdi ein såg det som mogleg at diskusjonen rundt norsk medlemskap på nytt kunne koma opp att. Hovudoppgåva til Nei til EU i ei tid der medlemskap er lagd på is, er å samle ressursar mot norsk medlemskap i unionen og å drive utdanning i internasjonal solidaritet, folkestyre og miljø, samt om den europeiske unionen generelt. Som den tredje største politiske organisasjonen, har Nei til EU framleis ein sterk posisjon i den politiske landskapen, trass i det ikkje er aktuelt med ny avrøysting dei komande åra. Nei til EU er ofte framme i mediebilete når det gjeld informasjon om EU og EØS-relaterte saker, og vert mellom anna hyppig brukt i høyringar på Stortinget, då organisasjonen har eit særs godt renomè mellom anna i UD. Nei til EU har ved fleire høve kome med tilleggsmeldingar i samband med handsamingar i Stortinget, mellom anna eit tillegg til EØS - pluss, som fekk det fengjande namnet EØS - Pluss minus.
Hovudmotstandaren til Nei til EU er Europabevegelsen, som står sentralt i kampen for norsk innmelding i den europeiske unionen.
[endre] Sjå òg
[endre] Ekstern lenkje
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |