Nesttun-Osbanen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesttun-Osbanen var ein smalspora jarnbane som gjekk mellom Nesttun i Fana og Osøyro i Os. Banen vart opna i 1894 og nedlagt i 1935.
Nesttun-Osbanen hadde stasjonar på Nesttun, Skjold, Rådal, Stend, Solbakken, Fana (ved krysset Titlestadvn/Kvernbabekkvn), Hamre, Kismul og Kalandseidet i Fana, og på Søfteland, Ulven, Kuven og Osøyro i Os.