Nettlesaren Opera
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opera er ein nettlesar som vert utvikla av det norske selskapet Opera Software ASA. Selskapet tek sikte på -og gjennomførar- full kompatibilitet med dei fleste nemneverdige system og platformar, og dei seinare åra har dei i følgje delar av media vunne eit teknisk føresprang i kampen om nettlesarmarknaden for handheldte datamaskiner (til dømes Palm).
Til Mac/PC kjem nettlesaren på eit utal språk, inklusive nynorsk. Opera er den einaste oppdaterte nettlesaren som er tilgjengeleg på nynorsk pr. juni 2005 (det inkluderar det frie prosjektet Firefox, som framleis arbeidar med omsetjingsprosessen).
Opera var tidlegare reklamefinansiert, men vart sluppen gratis (utan reklame) frå september 2005. Kundar som ønskjer support kan likevel kjøpe det frå selskapet.
Opera har òg, i tillegg til å vere ein nettlesar:
- Epost- og Nyhendelesaren M2 (den les òg Atom og RSS)
- Adressebok
- IRC-klient (prateprogram)
- Nedlastingshandsamar
[endre] Kort historie
Opera starta som eit utviklingsprosjekt i Telenor i 1992, med Jon S. von Tetzchner (Noverande sjef i Opera Software ASA) og Geir Ivarsøy. Sidan Telenor ikkje såg seg tent med å utvikle ein eigen nettlesar vart Opera Software tufta i 1995 for å vidareutvikle programvaren.
Selskapet dreiv på lenge i det små, men sidan 1999/2000 har selskapet satsa for fullt med utviding av staben, hard konkurranse på handhaldt-marknaden og opne konfrontasjonar med Microsoft, som styrar nettlesarmarknaden for PC i dag.
Dei siste åra har nettlesaren vunne eit utal prisar og karra til seg ein god del av marknaden som truleg saknar utvikling av Microsoft sin Explorer-nettlesar.
[endre] Les òg
[endre] Eksterne lenkjer
Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over dataspirer. |