Newtons rørslelover
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I ein moderne pedagogisk framstilling av fysikk vert vanlegvis Newtons mekanikk oppsummert i tre lover. Lovene forutsetter at ein er i eit tregleikssystem, det vil seia eit koordinatsystem der Newtons 3. lov gjelder. Eitt eksempel der dette ikkje er tilfelle er roterande koordinatsystem.
Newtons første lov: Når resultanten av alle kreftene som verkar på ein gjenstand er lik null, er gjenstanden i ro eller i rørsle med konstant fart langs ei rett linje.
Viss , så er konstant. Motsatt gjelder det også at viss er konstant, så er .
er her summen av alle krefter som verkar på lekamen, matematisk formulert som
Newtons andre lov: Når ei kraft verkar på ein lekam vil lekamen akselerera etter formelen , der er resultantkrafta, m er massen til lekamen og er akselerasjonen.
Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar på ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen.