Nordhordland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg avisa Nordhordland
Nordhordland er eit landskap nord i Hordaland fylke. Nordhordland Reiselivslag definerer Nordhordland til å omfatta kommunane Meland, Lindås, Radøy, Austrheim, Fedje og Masfjorden. Knarvik er den største tettstaden i området. Området grensar opp mellom anna til kommunane Gulen og Osterøy, Modalen. Ofte vert desse kommunane rekna med i regionen Nordhordland. Eit mykje brukt namn på folket i Nordhordland og Midthordland er «stril».
Ivar Medaas og Åslaug Låstad Lygre er to viktige kulturpersonlegdomar frå Nordhordland.