Norefjell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norefjell er eit høgfjellsområde i Hallingdal, i kommunane Krødsherad, Sigdal og Flå. Området grenser mot Hardangervidda og Krøderen. Det er ein kjend hytte- og vintersportstad med ei rekke aktivitetar. Fleire kjende og rike nordmenn har hytte i området.
Staden har trukke turistar sidan midten av 1800-talet, som kom for å oppleva ekte norsk natur og turgåing året rundt. I 1952 vart nokre av OL-øvingane haldne her. Alpinanlegget som blei bygd då og seinare vidareutvikla er eitt av dei største i Norden. Ein kan stå på ski i over 60 km utan å ta heis, og høgdeforskjellen mellom topp og botn er 1010 m.
Området satsar på meir sommarlege aktivitetar med golfbane og hestesenter.
Dei høgaste toppane i Norefjell er Gråfjell (1466 moh) og Høgevarde (1459 moh). Sjølve fjellet er bygd opp av kvartsitt.
[endre] På verdsveven
Kategoriar: Hallingdal | Fjell i Noreg | Krødsherad | Sigdal | Flå