Norges Televisjon AS
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges televisjon AS (NTV) er eit fellesføretak, skipa av NRK, TV2 og Telenor for å bygga ut eit digitalt bakkenett for kringkasting av digitalt fjernsyn i Noreg. Det er meininga at det digitale nettet etter kvart skal erstatta det noverande analoge fjernsynsnettet.
[endre] Histori
I juni 1999 la Kulturdepartementet fram ei stortingsmelling om digitalt fjernsyn. I juni 2002 lyste departementet ut ein konsesjon for utbygging og drift av digitalt bakkenett. I 2004 handsama Stortinget saka og vedtok utbygging av eit digitalt bakkenett, samstundes som det vart gjordt vedtak om å stogga dei analoge fjernsynssenningane ein gong mellom 2007 og 2010. I 2005 gorde samferdselsministeren det kjendt at konsesjonen skulle utlysast på nytt. Hausten 2005 skipa NRK, TV2 og Teleno eit fellesføretaket Norges Televisjon AS (NTV), som så søkte om konsesjon. Den 2. juni 2006 fekk NTV, som var den einaste søkaren, konsesjon på å utbygging og drift av det digitale bakkenettet. Eit dotterselskap til Telenor, Norkring, har fått oppdraget med å stå for utbygginga av det digitale bekkenettet for fjernsyn. NTV vil så leia nettet frå Norkring.
[endre] Bakgrunnsmateriale
- Heimesida til NTV
- Valmot, O.V., Digitalt bakkenett, 14/5 2005 (Lenka 21/11 2006)