Norsk Målungdom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk målungdom (NMU) er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og den einaste ungdomsorganisasjonen i Noreg som organiserer ungdom for dialektar og nynorsk.
Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag og har lokallag over heile landet. I likskap med Noregs mållag ser organisasjonen på nynorsk som ein betre skriftnormal enn bokmål, fordi «der bokmål har opphavet sitt i dansk, er nynorsk ein samnemnar for alle dei norske dialektane». NMU meinar soleis at nynorsk passar for alle.
- «Norsk Målungdom arbeider for at alle i Noreg skal velja å skriva nynorsk i staden for bokmål, og for å styrkja dialektane. Til grunn for målreisinga ligg ein breiare strid for norskdom, nasjonal sjølvråderett og folkeleg daning. Norsk Målungdom vil organisera ungdom til å føra denne striden.»
Rørsla av organiserte unge målfolk er mykje eldre enn samskipnaden Norsk Målungdom, som vart skipa i 1961som Noregs Student -og Elevmållag (NSEM). Men alt i 1877 vart det fyrste målungdomslaget, Maalvinarlaget, skipa ved Stord Lærarskule.
Jens Kihl vart vald til leiar på landsmøtet i 2007.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Retten til læremidlar på nynorsk for skuleelevar med nynorsk som hovudmål, har vore ein viktig kamp for NMU. Dette arbeidet tok til på 1970-talet. NMU stod i spissen for mange lærebokaksjonar, men vann omsider fram. I forslaget til ny opplæringslov i 1997 var denne retten igjen truga. Då starta NMU, i samarbeid med NEO og NGS, opp igjen «Aksjon for språkleg rettferd i skulen» (AFSRIS). 13. mai det året streika i fylgje NRK 30 000 elevar for retten til nynorske læremidlar. Til slutt måtte undervisningsminister Reidar Sandal gje etter for presset frå elevane.
Etter kvart som datamaskiner har blitt meir og meir brukte i undervisning, har det òg blitt viktig for NMU å få gjennom retten til læremidlar på eige språk. Det var på ny tid for store demonstrasjonar og streikar, men omsider vann dei fram også på dette området. Eit vellykka mediestunt var vevaksjonsgruppa Nynorsk Elevgerilja som omsette ei lærebok i datahandsaming frå bokmål til nynorsk og la PDF-utgåva av boka ut på Internett. Aksjonen blei stoppa i Namsretten som eit brot på åndsverkslova. Målungdommen rettferdiggjorde den ulovlege aksjonen sin med at det i fylgje Opplæringslova var ulovleg å nytta bokmålsutgåva i undervisning so lenge det ikkje ligg føre ei tilsvarande nynorskutgåve.
9. oktober 2002 kunne TV 2-programmet Rikets Tilstand avsløra at NMU i årevis hadde drive med medlemspengejuks. Gjennom eit omfattande system med falske lokallag og oppkonstruerte årsmeldingar og medlemslister hadde NMU lurt til seg millionar av kroner i statsstønad som dei ikkje hadde rett til. I desember 2003 blei seks tidlegare tillitsvalde dømde i Oslo Tingrett til vilkårslause fengselsstraffer. Dei seks anka dommen. Norsk Målungdom fekk ei føretaksstraff og måtte betala attende 2,9 millionar kroner til staten. Men dei siste åra har det verkelege medlemstalet auka so pass at organisasjonen frå og med 2002 har hatt nok medlemmer til å tilfredsstilla kravet for statsstønad. So sjølv om Norsk Målungdom er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, ser det lyst ut.
[endre] Partipolitisk tilknytting
Norsk Målungdom er partipolitisk nøytral, men medlemmer frå ulike parti og organisasjonar har vore aktive innanfor NMU. På slutten av 1970-talet var kampen mellom ulike retningar på venstresida spesielt sterk innetter i organisasjonen. På denne tida vart NMU dominert av to motstridande fløyer, "Dei Nasjonale" med tilknyting til AKP og "De Sosiale" med tilknyting til SV. Mot slutten av 1980-talet enda fraksjonskampane i NMU med full siger for "Dei Nasjonale" etter at den "sosiale" opposisjonen hadde marsjert ut frå landsmøtet og deretter meldt seg ut i protest. På 1980- og 90-talet fylgde dei politiske motsetnadane inne i organisasjonen partipolitiske skiljeliner i langt svakare grad enn dei gjorde på 1970-talet.
Mange i miljøet rundt sentralleiinga i Norsk Målungdom var på 1980-talet og 1990-talet medlemmer i AKP og RV, men disse organisasjonane hadde i lita grad språkpolitiske standpunkt som påverka NMU. Framståande målungdomsleiarar som Roar Madsen, Hans Olav Brendberg, Håkon Kolmannskog, Magnus Bernhardsen og Sigbjørn Hjelmbrekke har alle vore medlemmer av RV eller RU. I den nynorske vekeavisa Dag og Tid nr. 11 1998 blir Målungdommen kritisert på leiarplass for å vere dominert av Raud Ungdom, ungdomsorganisasjonen til Raudt. Redaksjonen i Dag og Tid hadde i ein årrekkje vore kritisk til NMUs praktiske målpolitikk og dei sitt ideologiske grunngjeving for målstrevet.
[endre] Leiarar i Norsk Målungdom
- Eirik Aksel Larsen 1961–1962
- Eivind Oterholm 1962–1963
- Arve Sæbø 1963–1964
- Kolbein Dahle 1964–1965
- Tor Gabrielsen 1965–1966
- Kjellaug Jetne 1966–1968
- Jarle Varpe 1968–1969
- Aslak L. Helleve våren 1969
- Olaf Nøkleby 1969–1970
- Åse Hjørnevik 1970–1971
- Ola Svein Stugu 1971–1972
- Ola E. Bø og Arve Elvik 1972–1973
- Brita Helleland 1973–1976
- Bodil Røyset 1976–1977
- Åsmund Forfang 1977–1978
- Magnhild Bruheim 1978–1979
- Nils Kårfald 1979–1980
- Thomas Skålnes 1980–1981
- Aud Søyland 1981–1982
- Atle Faye 1982–1984
- Roar Madsen 1984–1985
- Marit Fjordheim 1985–1986
- Paul Sandøy 1986–1987
- Lise Kvande 1987–1988
- Ingar Arnøy 1988–1989
- Hans Olav Brendberg 1989–1990
- Bård Eskeland 1990–1991
- Kari Bjørnsvik 1991–1992
- Gro Morken Endresen 1992–1995
- Trond Sæbø 1995–1996
- Håkon Kolmannskog 1996–1998
- Magnus Bernhardsen 1998–2000
- Astrid Sverresdotter Dypvik 2000–2002
- Gudrun Kløve Juuhl 2002–2003
- Fredrik Gustavsen 2003
- Unn Catodotter Fyllingsnes 2003–2004
- Sigbjørn Hjelmbrekke 2004–2005
- Synnøve Midtbø Myking 2005–2007
- Jens Kihl 2007–