Norsk Ordbok
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk Ordbok er eit prosjekt for utgjeving av eit ordboksverk over nynorsk språk og norske talemål. Verket vert utgjeve i eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Kultur- og kyrkjedepartementet og forlaget Det Norske Samlaget.
Sitat frå målsettinga til prosjektet:
- «Norsk Ordbok skal gje ei uttømmande vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane frå 1600 og til i dag og av det nynorske skriftmålet. Hovudvekta skal liggje på grundige tydingsanalysar med klåre definisjonar, kjeldefesta døme på bruk i litteraturen og i målføra, opplysningar om grammatiske eigenskapar og om dialektformer med heimfesting.»
Verket er planlagd i 12 band, og vil verta den største og mest omfattande dokumentasjonen som ligg føre av norsk skrift og tale. Verket skal, saman med Norsk riksmålsordbok, vera ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Fram til og med 2005 har det kome ut fem band. Det fyrste heftet kom ut i 1950, etter at arbeidet vart starta i 1930.