Nugatti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nugatti er eit sjokoladepålegg laga av nougat og sjokolade. Det inneheld mellom anna kakao, mjølk og hasselnøtter.
Nugatti vert produsert av Stabburet. Pålegget blei lansert i 1969, og er dermed noko yngre enn storebroren Sjokade. Det blir seld over 4 000 tonn av det årleg, og Nugatti er truleg det mest populære søte pålegget i Noreg. Nugatti er svært populært blant barn og dei litt eldre, men blir rekna som eit svært usunt pålegg,
Pålegget har alltid vore å få på plastbeger, men blir nå også seld i tuber. Nå finst og ein ny versjon av Nugatti, kalla Nugatti Crisp, som inneheld små, knasande kjekskuler.