Oksval
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oksval er ei grend i Nesodden kommune om lag 2 kilometer sør for fergekaia på Tangen. Oksval ligg på austsida av Nesoddlandet mot Bunnefjorden. Området er tett bygd ut og er ein del av tettstaden Nesoddtangen. Ved Oksval brygge finnes båthamn og ei offentleg badestrand. Her er også dei særprega badehusa Nesodden er kjent for. Kyststien på Nesodden går om Oksval frå Tangen til Hellvik og vidare til Blylaget. Steinerskulen driv barnehage på Oksval. Skrivet Oksval-posten har kome ut med ujamne mellomrom sidan august 1945. Det er no Oksval Vel som er utgjevar.
[endre] Bakgrunnsstoff
Oksval Vel - historie og fleire bilete
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |