Olav Nygard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Nygard var ein norsk lyrikar, f. 10. juli 1884 i Modalen, d. 11. februar 1924. Nygard rakk å gje ut fire samlinger av dikt før han døydde 40 år gamal. Nygard skreiv på nynorsk.
Olav Nygard er ein av dei fremste lyrikarane frå mellomkrigstida. I levetida si fekk han berre avgrensa kunstnarleg anerkjenning og ingen økonomisk suksess. Men poetisk sette han store spor etter seg, og dei beste dikta hans høyrer til mellom det beste i norsk litteratur.
Innhaldsliste |
[endre] Om døden
I dikta tek Nygard opp store og vanskelege tema, og han står klart innanfor ein romantisk diktartradisjon. Han vert ikkje utan grunn kalla ein dødens diktar. Bøkene, særleg Ved vebande («ved det heilage») og eit etterlete manuskript, inneheld tradisjonelle døds- og vanitasdikt, men òg svært originale framstillingar av desse slike tema.
I kontrast til den opne dødstematikken står eit sterkt fokus på fruktbarhet, skaping og livgjevande impulsar. Desse to sidene inngår ofte i ein poetisk fruktbar dynamikk, til dømes i hans kanskje mest kjende dikt, «No reiser kvelden seg» frå 1923:
- No reiser kvelden seg i vesterbrun,
- han trør på lette føter gjenom tun
- og skuggeveven fjell-imillom hengjer.
- Det gjeng ei kviskring gjenom kjørr og lyng,
- og talatrasten skifter ljod og syng
- med avdagsskjelven under sine strengjer.
[endre] Utjevingar
- Flodmaal (1913)
- Runemaal (1914)
- Kvæde (1915)
- Ved vebande (1923)
- Dikt (gjendikting av Robert Burns) (1923)
- Dikt i samling (1984, ny utgave 2004)
[endre] Lenkjer ut
- Bilete
- Bilete
- Eit utval dikt
- Jan H. Landro: «Saknad heiter livet mitt» nett-tekst
- Ferdig søk i databasen LITTFORSK
[endre] Litteratur
- Olav Nygard - liv og dikting (tidsskriftet Nordica Bergensia, nr 15 (1997). 205 s. (Heile heftet er vigd lyrikaren Olav Nygard og inneheld desse foredraga: I Stegane: "Olav Nygard og den litterære tradisjonen", s. 9-22. G Akselberg: «Språk og språkbruk hjå Olav Nygard», s. 23-45. A Aarseth: "Den vanskeleggjorde forma. Linjer og verkemiddel i Olav Nygards lyrikk", s. 47-62. A K Fonneland: «Mørke og lys. Ny lyrikk i møte med Olav Nygard», s. 63-82. M Tveisme: «Ikkje berre himmelsyner. Nærværet i Olav Nygard si dikting», s. 83-94. J Gjerdåker: «Olav Nygard og livssoga hans», s. 95-113. Resten av heftet er opptrykk av sentrale artiklar av og om Olav Nygard)
- Vassenden, Eirik. Skapelsens problem. Lesninger i Olav Nygards lyrikk. 353 s. Dr.avh., Universitetet i Bergen, 2003
- Aarnes, Asbjørn. Poesien hos Olav Nygard, et dikteralbum. 343 s. (Pax, 2004)
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
![]() |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. |
Oversyn over litteraturspirer. |