Brukardiskusjon:Ole Jakob Totland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hei Ole, og velkommen til Nynorsk Wikipedia! :) Ser at du rettar tyrkleifar i artiklane, det er bra! Dersom du lurer på noko, er det berre å spørje på din eigen eller andre sin brukardiskusjon, eller ta ein titt på brukarportalen. Elles kan du gjerne skrive litt om deg sjølv på brukarsida di når du får tid og lyst. --Erlend 2. august 2005 kl. 19:34 (UTC)
Heihei! Er det so at ein rett og slett kann taka artiklar frå wikipedia på andre mål, og setja deim beint um til norsk, må tru? --Ole Jakob 2. august 2005 kl. 21:01 (UTC)
- Hei & velkommen, Ole Jakob! :-) Ja, vi kan omsetja fritt frå andre wikipediaartiklar (men oftast ikkje frå andre tekstar) så lenge vi oppgjev kjelda på skikkeleg vis. Når du opprettar ein slik artikkel skriv du t.d. «omsett frå en:New Delhi» i redigeringssamandraget. I sjølve artikkelen oppgjev du så (minst) språkversjonen du omset frå eller (best, men litt meir omstendig) lenkja til artikkelen du omsette frå under bolken «Kjelder» (eller «Kjeldor», om du føretrekk det). For eit par eksempel på dette, sjå: Charles-Valentin Alkan og Leo Eitinger. -- Olve 3. august 2005 kl. 01:22 (UTC)
Velkommen frå meg òg, og gratulerer med brukarside! Det er kjekt å vita litt meir om folk enn bare redigeringane deira. -- Ranveig 3. august 2005 kl. 14:55 (UTC)
Velkommen! Fint å sjå at du har ei brukarside ja! :) Bjarte 4. august 2005 kl. 05:15 (UTC)
"Dei fire store er samnemninga for gulrot, purrelauk, lauk og selleri. Desse fire høyrer med i dei aller fleste oppskrifter på krafter, sausar (ikkje dessertsausar) og supper." Kva er dette, Ole Jakob? A-mål? Var det berre tome trugsmål at du skulle slutta å skriva om du ikkje fekk nytta høgnorsk? Og so til og med i-målet som det er fullt høve til å nytta innanfor gjeldande rettskriving... Gaahl 4. august 2005 kl. 13:34 (UTC)
[endre] Ole Jakob var Knut Borge Halleraker Hakke
Hmmm... Eg er nog komen i skade for å ikkje logga ut, og figuren kjend under namnet Knut Borge Halleraker Hakke hev teke yver datamaskina her etter meg, og skrive sine matartiklar under mitt namn. Soleides heng dette saman.
Godt å høyra. Eg byrja verta uroleg for deg. Gaahl 4. august 2005 kl. 13:45 (UTC)
[endre] Sam.pol.-relaterte artiklar
Hei! Eg herjar litt på fagfeltet ditt... vil du vera med og leika, eller skal du berre sitja der snurt i kråa di? --Berre ei sleggje 31. okt. 2005 kl. 11:20 (UTC)
- Hmmmm... Ja, eg røkte litt rundt, og det ser ut til at det er eitt og anna å triva tak i. Men det stend då so altfor mange eksamenar for dyrri, nett no, må vita, so eg trur eg held meg i kråi mi, eg. --Ole Jakob 31. okt. 2005 kl. 17:16 (UTC)
-
- Er ikkje eksamensførebuing ein glimrande grunn til å skriva artiklar? Sjå om du verkeleg kan forklara det omgrepet eller den situasjonen. (Her er det ikkje noko press!) -- Ranveig 1. nov. 2005 kl. 09:50 (UTC)
-
-
- Mja, me fær no sjå kva eg idest... Men eg tykkjer det er ein del litt rare artiklar på dette feltet, som til dømes grunnlov. Slike artiklar bør vel strukturerast onnorleides, so at ein fær skilt ålmenne definisjonar, empiriske døme og historisk framvokster frå kvarandre? --Ole Jakob 3. nov. 2005 kl. 09:09 (UTC)
-
-
-
-
- Ja, det er bare å ta fatt og omstrukturera sjølv i artiklar som irriterer. Du kan venta til nokon andre gjer det, men det kan ta tid. -- Ranveig 3. nov. 2005 kl. 09:34 (UTC)
-
-