One of My Turns
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
One of My Turns er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeve ut på albumet deira The Wall i 1979 og som b-side på singelen «Another Brick in the Wall (Part 2)».
Innhaldsliste |
[endre] Komposisjon
Songen er delt inn i tre ulike delar. Ein oppdelt dialog, eit roleg parti med vokal, og eit meir bråkete parti med vokal.
[endre] Plot
Som med dei andre songane på The Wall fortel «One of My Turns» ein del av historia om hovudpersonen Pink. Pink inviterar ein kvinneleg tilhengjar til rommet sitt etter han har fått vite om kona sitt andre forhold. Først prøver kvinna å få kontakt med han, men han er for opptatt med å tenkje på kona til å høyre kva kvinna seier. Då kvinna held fram med å forsøke og få kontakt med han, eksploderar Pink, vert valdeleg og raserar rommet.
[endre] Filmversjon
Pink slepp inn ein kvinneleg tilhengjar på hotellrommet sitt. Etter at ho prøver å forføre Pink, vert han svært sint og raserar hotellrommet, og kuttar seg i handa då han kastar eit TV-apparat ut vindauget.
[endre] Medverkande
- David Gilmour - gitar
- Nick Mason - trommer og perkusjon
- Roger Waters - vokal og bass
- Richard Wright - piano
- Bob Ezrin - orgel og synthesizer
- Lee Ritenour - gitar
- Trudy Young - stemme
[endre] Kjelde
- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8