Operasjon Kitbag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Operasjon Kitbag var meint å vere eit overraskande alliert commandoraid mot Florø den 15. desember 1941. Det skulle vere eit commandoåtak av same slaget som det som seinare i månaden vart gjennomført mot Måløy, og som er kjent som «Måløyraidet» og «Operation Archery». Åtaket på Florø vart aldri gjennomført sjølv om flåtestyrken hadde kome inn under Vestlandskysten, og det var ein knapp time til angrepet skulle blåsast i gang. Det kan sjå ut som om der er to grunnar til at operasjonen vart avbroten i siste liten:
Då fartøya hadde fått landkjenning på Norskekysten etter overfarten frå Storbritannia var dei ansvarshavande om bord i tvil om dei hadde komme innunder kysten på rette staden. I Joseph H. Devins jr si bok Måløyraidet, Gyldendal, Oslo 1967 s. 86 og 87 står dette:
- "Det som faktisk hadde hendt var meget enkelt. Navigatøren for styrken kunne ikke garantere sin nøyaktige posisjon etter de siste timenes ferd over opprørt hav på en overskyet natt.Han følte seg overbevist om at kursen hadde vært nøyaktig, men han hadde ikke noen pålitelig måte å kontrollere det på, og selv om landemerket lignet på Batalden slik som han hadde fått den beskrevet og slik som den var gjengitt på kartet, så var det fremdeles et element av tvil til stede. Som allerede bemerket kan ett punkt på Norges kyst med sine mange fjell være svært likt ethvert annet, når en ute fra sjøen ser dem uklart gjennom en nattkikkert. Den sjømilitære leder var uvillig til å risikere sin styrke på grunnlag av en usikker landkjenning, han nektet å sette landgangsstyrkene i land, og gav ordre om at skipene skulle vende. En deltagende soldat avgitt fra Kompani Linge, som var født og oppvokst på akkurat på de kanter svor svor sint på at fjellet der inne faktisk var Batalden, men i det kritiske øyeblikket var det ingen som tenkte på å rådspørre ham, og anledningen gikk tapt."
I tillegg til at ein var usikker på om styrken hadde landa ved Batalden, som ser ut til å ha vore det landemerket dei satsa på, hadde det skjedd noko under overfarten som ikkje var eigna til å styrke kampmoralen: Under arbeidet med å armere handgranatar hadde ein granat gått av, og seks soldatar vart drepne. To av desse var i.flg. Devins Kompani Linge-soldatar (Braaten og Dreng). I tillegg vart 11 soldatar alvorleg såra.
Der er òg ei forklaring på at dette skjedde. Ulukka hende under overfarten i arbeidet med å armere handgranatar. Med om bord var det også fotografar som skulle dokumentere operasjonen. For å få fleire granatar med på biletet plukka ein fotograf endå fleire opp på bordet der soldtane dreiv med armeringsarbeidet. Her vart skarpe og uarmerte granatar blanda saman, og på eit seinare tidspunkt kom ein av soldatane til å utløyse ein av dei skarpe granatane.
Ei slik ulukke straks før styrken skulle gå til aksjon og at ein i tillegg ikkje kjende seg trygg på kvar ein nøyaktig var, kan vere årsakene til at det vart gitt ordre om å gjere vendereis.