Ordulf av Sachsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ordulf av Sachsen (òg skrive Otto) (fødd 1022, død 1072) av huset Billung var ein sonene til hertug Bernhard II av Sachsen og Eilica av Schweinfurt. Ordulf etterfølgde faren som hertug i 1059 og regenttida hans vart prega av striden mot sorbarane.
Ordulf vart i 1042 gift med Ulvhild, dotter til Olav II Haraldson (Heilag-Olav) og dei fekk sonen:
- Magnus av Sachsen (1045–1106)
Magnus fekk mange etterkommarar i tyske og andre europeiske adelshus, blant dei sidan fyrstehuset Oldenburg, og gjennom Magnus av Sachsen og mor hans, Ulvhild Olavsdotter, kan det noverande norske kongehuset rekne ættefedre attende til kongane frå sagatida.
Ordulf vart seinare (1071) gift med Gertrud av Haldesleben (–1116), dotter av grev Konrad, enkje etter grev Fredrik av Formbach i 1071. Dei fekk sonen:
- Bernhard av Sachsen (fødd ca. 1072).
[endre] Kjelder:
- omsetjing frå bokmålswikipediaen, suplert med
- Jo Rune Ugulen: Kongar i dei norske ættetavlene
- Avskrift av artikkel frå Morgenbladet 23. mars 1929