Outside the Wall
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Outside the Wall er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeve ut på albumet The Wall i 1979.
Denne songen er meint som løysinga på albumet, og avslører det moralske eller sentrale poenget i historia. Historia sluttar med «The Trial», og fortel derfor ikkje kva som faktisk skjedde med Pink etter at den mentale muren hans vart rive ned.
Innhaldsliste |
[endre] Komposisjon
Songen er ein av dei rolegaste på albumet, og om lag 15 sekund av songen kjem om att heilt i starten av albumet, og viser til det sykliske temaet på plata. Dei siste orda før songen endar er: «Isn’t this where...». Resten av setninga finn ein i det albumet byrjar med «In The Flesh?», og er «...we came in?»
[endre] Handling
I motsetnad til resten av songane på albumet seier ikkje denne songen noko om kva som skjer med Pink. Han bekrefter at muren no er øydelagd, og går vidare med at mange folk har sosiale barrierar, og at dette er eit gjentakande mønster; når ein person kjem tilbake til samfunnet vil ein annan person forlate det.
[endre] Filmversjon
Ein lengre og meir omstendeleg versjon vart spelt inn for filmen, og er over fire minutt lang (medan originalversjonen er litt meir enn eitt og eit halvt minutt). Denne versjonen inneheld orkester og eit kor, og Waters syng med meir melodi enn på albumversjonen. Denne versjonen har aldri vore gjeve ut offisielt, men vart seinare brukt under rulleteksten for The Wall Live in Berlin.
[endre] Medverkande
- David Gilmour - korist
- Roger Waters - vokal
- Frank Marrocco - concertina
- Larry Williams - klarinett
- Trevor Veitch - mandolin
- Islington Green School - kor
[endre] Kjelder
- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8