Pastill
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pastillar er små, tablett- eller pilleliknande drops eller dragerte gelèkuler. Dei kan ha ulike smakar, det kan til dømes vere frukt-, lakris-, salmiakk- eller saltpastillar. Fleire pastillar er gode mot sår hals, såkalla halspastillar, andre kan vere med stoff for tann- eller munnhygiene. Pastiller vert selde som søtmat i kioskar og daglegvarebutikkar.
Ordet pastill kjem frå det franske pastille og italiensk pastillo som igjen stammar frå det latinske pastillum, det vil seie «pille».
[endre] Nokre pastillmerke i Noreg
- Dent
- Doc
- Lacrol (sukkerfrie)
- Strepsils
- Ifa
- Ekstra (for tennene)
- Ricola
[endre] Sjå og
- Drops
- Godteri
- Tablett