Pave Aleksander I
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pave Aleksander I | |
Alexander I | |
Dåpsnamn: | Aleksander |
Fødd: | Ukjend dato, Roma |
Død: | Ca. 115, Roma |
Vald: | Ca. 105 |
Innsett: | Ca. 105 |
Saligkåra: | Kort tid etter sin død. |
Heilagkåra: | Kort tid etter sin død. |
Festdag: | 3. mai |
Føregjengar: | Pave Evaristus |
Etterfylgjar: | Pave Sixtus I |
Den heilage Aleksander I (død ca. 115 i Roma) var pave frå ca. 105 til sin død. Han skal, ifylgje Liber Pontificalis ha vore frå Roma, og var ein disippel av Plutark.
Aleksander skal ha vore den som innførte skikken med å signe hus med vievatn, og han skal ha påbudt at hostier skal vere av usyra brød.
Tradisjonen hevdar at han var martyr. Ei legende kjend frå slutten av 400-talet fortel at han vart halshogd ved Via Nomentana, nordaust for sentrum av Roma. Ei grav som vert hevda å vere hans vart funnen i dette området i 1855. Relikviane hans vert sagde å ha vorte overførte til Freising i Bayern i 834. Ettersom det angjevelege martyriet hans ikkje er omtala i dei tidlegaste krønikene, trur ein no at det er ei samanblanding med ein romersk martyr med same namn. Ein St. Aleksander vert nemnd saman med martyrane i Den romerske kanon, og hadde det dreidd seg om ein pave, er det grunn til å tru at han hadde vorte nemnd saman med pavane tidlegare i kanonbøna.
Føregjengar: Evaristus |
Pave |
Etterfylgjar: Sixtus I |