Perihelargument
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perihelargumentet er eit av baneelementa som beskriv ein lekam i bane rundt sola, med andre ord ein planet. Det er vinkelen mellom oppstigande knute og perihel, målt i baneplanet. Å leggje han til lengda til oppstigande knute gir lengdegraden til perihel til lekamen i banen hans om sola.
Eit perihelargument på 0° tyder at lekamen vil være i perihel akkurat når han kryssar ekliptikken frå sør til nord. Eit perihelargument på 90° tyder at lekamen vil være i perihel akkurat når han er lengst nord for ekliptikken.
![]() |
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |