Pink Floyd-songen Stop
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stop er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet The Wall i 1979.
[endre] Handling
Som dei andre songane på albumet omhandlar «Stop» ein del av historia om hovudrolla Pink. Pink er lei av livet sitt som facistisk diktator og hallsinasjonen sluttar. Han er òg lei av den mentale muren sin, og set seg sjølv opp for retten i hovudet sitt. Songen handlar om at han forstår at alt som førte til byggjinga av muren var hans eiga skuld, som ein kan sjå ut frå tekstlinja «Have I been guilty all this time»
I filmutgåva av songen sit Pink i eit avlukke på eit toalett og syng songen acapella utan pianoet som er på albumversjonen.
Songen er berre 30 sekund lang og er den kortaste songen på noko Pink Floyd-album.
[endre] Medverkande
- Roger Waters - vokal
- Bob Ezrin - piano
[endre] Kjelde
- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8