Pogrom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein pogrom (frå russisk погром) er ein term for massive åtak på minoritetsbusetjingar med mishandling og massedrap av menneske og øydelegging av eigedom. Uttrykket er ofte nytta om åtak på jødiske busetjingar, då det oftast var jødane som var utsette for slike overgrep i tsar-Russland. Den største av pogromane i historia er sjølvsagt det nazistiske forsøket på å utrydde den jødiske folkesetnaden i Europa heilt. Meir presist blir nett denne pogromen omtala som Holocaust.
Eurasia hadde ikkje mange tiåra før andre verdskrigen vore rysta av pogromar (t.d. i Tyrkia) som er mindre kjende, men som i gru og omfang på mange måtar kan måle seg med dei organiserte drapa av jødar, sigøynarar og homofile av alle nasjonalitetar under siste verdskrigen.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |