Pontong
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pontong (frå fransk ponton) er eit flytemiddel som kan bæra ei last, nytta i mange ulike samanhangar. Han har eit skal og innvendig er han fylt med luft eller eit luftfylt kunststoff. Ein pontong kan vera laga av aluminium, stål, glassfiber, tre, betong eller gummi. Han kan ha eit eller fleire innvendige rom.
Døme på pontongar er understell på sjøfly, flyteringar for flugefiskarar, understell for flytebruer og flytebrygger.