Porjus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Porjus (samisk staving: Bårjås) er ein tettstad nord i Sverige. Staden ligg i Jokkmokks kommun i Lappland i Norrbottens län. Tettstaden vaks fram på byrjinga av 1900-talet i samband med bygging av eit vasskraftverk på staden. I dag er kraftverket i Porjus energiselskapet Vattenfall sitt tredje største vasskraftverk med ei normal årsproduksjon på 1 233 GWh. Slik som mange andre kraftverksamfunn, skulle tettstaden etter planen avviklast etter at utbygginga var ferdig. Trass i dette heldt busetnaden seg oppe, og på det meste var det 3 000 innbyggjarar. I dag er tettstaden den minste av Jokkmokks kommun sine tre tettstader. Elva Lule älv renn gjennom Porjus, vegen Riksväg 45 og jarnvegen Inlandsbanan går via tettstaden.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |
[endre] Lenkje ut
- Porjus.se, nettstad om Porjus av Porjus By- och Intresseförening.
- Jokkomokks turistbyrå om Porjus
- Porjus 1910 - banbrytande kraftstation i vildmarken www.vattenfall.se
- Porjus www.inlandsbanan.se
- Porjus Norrsken By