Potetsorten Asterix
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg teikneserien Asterix
Asterix er ein potetsort frå Nederland som i Norge særleg blir dyrka på austlandet. Ho er kalla opp etter teikneseriehelten Asterix.
Poteta har relativt lite tørrstoff og held seg dermed heil under koking. Ho kan brukast som kokepotet, til pommes frites, i salatar og i gryterettar. Derimot er ho ikkje særleg eigna til å laga potetmos eller bakt potet.