Prosessuell arkeologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omkring 1960 gjorde ein ny retning seg gjeldane innan arkeologien, i fyrste omgang i USA. Denne la meir vekt på bruk av antropologi og naturvitskaplege metodar, og vart kalla prosessuell arkeologi (Olsen 1997:44-46). I den prosessuelle arkeologien var det eit mål å produsere objektiv, testbar og verdifri kunnskap, og reiskapen som skulle bli bruka for å oppnå dette fann ein i den logiske positivismen. I følgje den logiske positivismen er det berre sansedata, altså data som me kan observere og måle, som kan brukast til vitskapelge studie (Olsen 1997:47).
Ein naturvitskapleg metode som vart tatt i bruk av den prosessuelle arkeologien var datering ved hjelp av C14. Datering av til dømes jernvinneanlegg var tidlegare svært vanskeleg ved at det fins som regel lite daterbart materiale som mynter og potteskår rundt jernvinna (Espelund 2005:84). Ved hjelp av C14 kunne ein no datere kol og anna organisk materiale frå tidlegare udaterbare fornminne med relativ stor sikkerhet, og denne metoden revolusjonerte på mange måtar forskninga. Irmelin Martens var ein av dei fyrste til å ta i bruk daterings metoden på jernframstillingsanlegg i Noreg, då C14 metoden i 1969 vart tatt i bruk under undersøkinga hennar av Møsstrondområdet i Telemark (Martens 1988:9). Innanfor den prosessuelle arkeologien vart kultur definert som «menneskets utanom-kroppslege middel til tilpassing».
Ulikskapar i det arkeologiske materialet skyldtes mennesketilpassingar til ulike økonomiske og økologiske forhold (Olsen 1997:48-49). Funksjonalisme er eit anna stikkord for prosessualismen, i følgje den prosessuelle arkeologien sitt funksjonalistiske syn har meir eller mindre alle sider ved samfunnet ein praktisk funksjon. Antropologen Malinowski har gjennom si forsking vist at ulike samfunn sine skikkar og ritual har praktiske årsaker, sjølv om utøverane ikkje sjølv er medvitne om desse (Olsen 1997:134-135). Dette var eit syn prosessuelle arkeologar meinte å kunne bruke på fortidige samfunn også.