Prost
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein prost er i Den norske kyrkja ein prest som samstundes er biskopens medhjelpar og den øvste geistlege leiaren i eit prosti.
Prosten ivaretek arbeidsgjevaren sin styringsrett overfor prestane i prostiet og har biskopen som sin overorda leiar. Prosten er næraste overordna for sokneprestane og prostiprestane.
Det er 103 prostar i den norske kyrkja. 11 av desse har teneste i eit domsprosti, det er eit prosti knytt til ei domkyrkje, og har tittelen domprost.
Prosten vert tilsett av Kyrkjedepartementet. Prosten er leiar for sokneprestane og kapellanane i prostiet.
[endre] Sjå òg:
Forskrift av 16. april 2004, Tenesteordning for prostar.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |