Quidditch Through the Ages
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Quidditch Through the Ages, på norsk kalla Rumpeldunk gjennom tidene er ei bok som er skrive av den britiske forfatteren J.K. Rowling. Boka er eit supplement til Harry Potter-serien, og førestiller ei bok frå skulebibilioteket på Hogwarts (Galtvort). Tilsynelatande er boka skrive av Kennilworthy Whisp, og ho har forord av Albus Dumbledore (Albus Humlesnurr), rektor ved Hogwarts.
Inntektene frå salet av Quidditch Through the Ages vart gjevne til Comic Relief, ein veldedig organisasjon. Boka kom ut i 2001, både i Storbritannia og i Noreg. Den norske omsetjinga er ved Torstein Bugge Høverstad. Boka er illustrert av forfattaren.
Boka handler om den fiktive sporten quidditch (rumpeldunk), som spelar ei viktig rolle i Harry Potter-bøkene. Lesaren får eit innblikk i spelet si historie, korleis det fungerer og kva status det har i notida si trollmannsverd.