Rødt!
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rødt! er tidsskriftet til partiet Raudt, og var tidlegare gjeve ut av Arbeidernes Kommunistparti. Fram til 2005 heitte tidsskriftet Røde fane. Rødt! vart frå same tidspunkt òg eit forlag tilknytta Akp. Rødt! kjem ut med 4 ordinære nummer i året. Redaktør er Erik Ness. Dei andre i redaksjonen er Birger Thurn-Paulsen, Taran Anne Sæther, Arne Hedemann, Mathias Bismo, Ingrid Baltzersen, Claus Fischer, Joakim Netland, Live Fagereng, Rolv Rynning Hanssen (registeransvarleg) og Jørn-Tomas Larsen (rekneskapsførar).
Røde Fane vart grunnlagt i 1969 av utbrytarar frå NKP. Frå skipinga av Akp(m-l) var tidsskriftet knytta til dette partiet, fram til Akp vart nedlagt i 2007.
[endre] Forlagsverksemd
Rødt! har gjeve ut følgjande bøker:
- Erling Folkvord - Urent Farvann! (2006)
- Johan Petter Andresen og Arnljot Ask - Nepal i dag - folkekrig for demokrati og jordreform (2006)
- Erling Folkvord - Stopp tjuven! en redningsaksjon for velferdsstaten (2005)
- Research Unit for Political Economy, Mumbai, India - Krigen mot Irak - motivene bak (2003)
[endre] Eksterne lenkjer
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |