Rama
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For den askenasiske rabbinaren RaMA eller ReMA, sjå Moisje Isserlis
Hinduismen |
Gudar |
Trimurtien: Brahma | Visjnu | Sjiva |
Ramatsjandra eller berre Rama (devanagari: श्रीराम, Rāma) er ein av dei mest beundra gudane i hinduismen. Han er den sjuande inkarnasjonen av Visjnu og er den sentrale figuren i eposet Ramayana. Rama er ein av dei mest populære heltane i legendene i hindisk mytologi og folkeeventyr i Sør-Asia og Søraust-Asia. Han er Mariyada Purshottama, Den perfekte mannen. Ordet rama er eit adjektiv som tyder mørk, svart, eller eit substantiv som tyder mørke. Fødselsdagen og bryllaupsdagen til Rama vert feira på festen Rama Navami.
Han vert alltid vist med ein boge og ei pil, som viser at han er budd til å kjempe mot det onde. Han vert òg kalla for «Sri Rama». For det meste er han avbilda saman med familien sin, kona hans, Sita, broren Laksjman og beundraren hans, Hanuman, som sit tett ved føtene hans.