Reformasjonen i Danmark-Norge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reformasjonen i Danmark-Noreg
Reformasjonen kom uforberedt på Noreg. Næringslivet var lite utvikla og norsk borgarskap fanst ikkje. I samband med innføringa av Luthers lære blei Noreg gjort til eit lydrike, ein provins, av Danmark og mista siste rest av sjølvstende. Kulturelt var reformasjonen på mange måtar eit tap, særs for det norske språk.
[endre] Bakgrunn
Den lutherske propagandaen nådde Danmark på 1520-talet. På grunn av misnøya med den katolske kyrkjes «pengeutpressing», fekk den lutherske retninga god grobotn. Lutheranane hadde ofte folkeleg bakgrunn, noko som gjorde at forkynningane deira fekk stort gjennomslag hos vanlege folk. Men et var ikkje berre trua som gjorde at reformasjonen blei innført i Danmark. Politiske og økonomiske årsaker var ein viktig årsak til innføringa av reformasjonen.
Kristian 2. (1513-1523) var den siste av dei danske kongane som forsøkte å samla dei tre skandinaviske rika. Han blei oppfatta som ein trussel mot adelen fordi han støtta seg til borgarskapet og fremma deira interesser. Kongane etter Kristian 2. var derfor adelens menn.
Adelens pengebehov auka, og danske adelsmenn var derfor interessert i å skaffe seg len i Noreg. Leiaren for det norske riksrådet, erkebiskop Olav Engelbrektsson, gjekk sterkt i mot dette. Fredrik 1. måtte skrive under på ei handfestning frå det norske riksrådet, der det slo fast at bare norske adelsmenn og adelsmenn skulle få len i Noreg. Handfestinga forsøkte også å sikre den katolske kyrkjes rett i Noreg.
[endre] Reformasjonen
Kristian 2. innførte reformasjonen same året som han blei valt til konge.
Kongen blei valt til øvste leiar av den nye statskyrkja. No blei kyrkjegodset lagt under staten, noko som bidrog til å løyse dei økonomiske problema for Danmark. Reformasjonen var godt forberedt i Danmark gjennom den lutherske propagandaen, og møtte derfor ikkje så mykje motstand.
Reformasjonen i Noreg var annleis. Den lutherske læra, som blei innført av hæren i 1537, var ikkje godt kjent. Den norske erkebiskopen Olav Engelbrektsson skulle forsvare den katolske kyrkja i Noreg. Han satt i gang eit opprør i Noreg for å verne den katolske kyrkja, men dette blei mislykka.
[endre] Resultat av reformasjonen
I Kristian 3.s handsfestning frå 1536 blei det slått fast at Noreg ikkje lenger var eit rike for seg sjølve, men ein del av Danmark. Dette sikra danske adelsmenn tilgang til norske len, og det letta gjennomføringa an reformasjonen i Noreg. Den danske kongen overtok jorda til kyrkja, noko som auka inntektene til landet.
kjelder:
- - Å lykkes med eldre historie, Kristin Fossum Havnelid
- - Historie 1, Libæk, Stenersen, Sveen og Aastad