Wikipedia:Retningsliner for nynorsk målføring
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snarveg: WP:Mål |
---|
Nynorsk Wikipedia er hovudsakleg skriven på nynorsk godkjend av Språkrådet. Ein skal bruka hovudformer (læreboknormalen) i namn på artiklar og kategoriar. Innan ein artikkel står ein derimot fritt til å bruka sideformer (klammeformer), og det finst òg ein del parallellartiklar skrivne på ulike former for høgnorsk.
Å retta på andre si språkføring så lenge ho er konsekvent og høyrer inn under nynorsk-paraplyen fører ofte til unødig konflikt og er difor ikkje tilrådd. Noko anna er det viss du ønsker å utvida ein artikkel som er skrive på ei anna språkform enn den du sjølv meistrar. Hovudregelen er at språkføringa bør vera lik i heile artikkelen.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk av høgnorsk
Artiklar som skal haldast på høgnorsk med bruk av former som ikkje finst på moderne nynorsk bør leggjast under forstavinga Hn/, med peikar mellom høgnorskartikkeln og utgåva på normalnynorsk. Høgnorskartiklar har òg eit eige kategoritre kategori:høgnorske flokkar.
[endre] Framgangsmåte for å laga og lenkja artiklar
Ein høgnorskartikkel om til dømes Ivar Aasen høyrer heime under Hn/Ivar Aasen.
Når det finst artiklar på begge målformer lenker ein dei saman slik:
{{nynorsk|nynorsksida=[namnet på den nynorske artikkelen]}}.
blir sett inn i høgnorskartikkelen
{{høgnorsk|høgnorsksida=[namnet på den høgnorske artikkelen]}}.
blir sett inn i nynorskartikkelen.
Dersom du vil laga ein ny artikkel på høgnorsk og temaet ikkje er omtala på nynorsk, kan du gjerne leggja han inn i hovudnamnerommet, men må då venta at språket blir normalisert.
Som nemnt ovanfor er det lov å endra rettskrivinga dersom du ikkje er i stand til å nytta den opphavlege rettskrivinga. For høgnorske artiklar gjeld det då at du fyrst syter for at artikkelen vert overførd til ei eiga høgnorsk utgåva. Den nye høgnorskartikkelen opprettar du ved å laga ei ny side med forstavinga hn/. Du må dessutan leggja ein mal øvst i artikkelen din om at han òg finst på høgnorsk. Denne malen legg du inn ved å skriva
[endre] Nyttige peikarar
- Nynorskordboka inneheld dei fleste nynorske orda frå Språkrådet