Riksrett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksretten er ein særdomstol som skal døme i saker mot statsrådar, høgsterettsdomarar og stortingsrepresentantar for straffbare handlingar desse har gjort i kraft av embetet sitt. Riksretten i Noreg er heimla i den norske grunnlova.
Odelstinget har påtalemakta i riksrettssaker. Medlemmer av Lagtinget og Høgsterett dømer i riksrettssaker. Heimelen til riksretten er § 86 og § 87 i Grunnlova.
Riksretten spelte ei viktig rolle i konstitusjonskampane i siste halvdel av 1800-talet. Striden om vetoretten til Kongen i grunnlovssaker fekk ein forebels slutt i og med riksrettsdommen mot regjeringa Selmer i 1884, noko som òg gav ei utvikling mot parlamentarisme.
I våre dagar er ikkje Riksretten særleg mykje nytta som politisk maktmiddel, og den siste gongen Riksrett vart nytta i Noreg var i 1927. Frå tid til anna har det rett nok blitt foreslått å reise riksrettstiltale mot enkelte statsrådar og stortingsfolk, også i nyare tid. I dei seinare åra er det vurdert om Riksretten bør avskaffast og heller overføre sakene til dei ordinære domstolane.
[endre] Sjå òg
- Norsk historie
- Norsk politikk
[endre] Bakgrunnsstoff
- Stortinget: Dokument nr. 19 (2003-2004) pdf-fil) Rapport til Stortingets presidentskap frå utvalet til å greie ut alternativ til riksrettsordninga
- Stortinget: Dokument nr. 12:1 (2003-2004) (pdf-fil) Grunnlovsforslag frå Jørgen Kosmo (A), Inge Lønning (H), Lodve Solholm (FrP), Ågot Valle (SV), Odd Holten (KrF), Berit Brørby (A) og Carl I. Hagen (FrP) om endringar i Grunnlova §§ 20, 30, 86 og 87 og nye §§ 15 og 82 (Riksretten)