Brukardiskusjon:Roarjo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innhaldsliste |
[endre] Velkommen
Velkommen til Nynorsk Wikipedia, Roar! :) Bjarte 24. apr 2005 kl. 0759 (UTC)
Velkommen frå meg òg, Roar! --Guttorm 24. apr 2005 kl. 0926 (UTC)
[endre] Fleirtyding: Olje
Jamfør Wikipedia-diskusjon:Fleirtyding.
Eit døme er olje som i Noreg oftast vert knytt til petroleum, men som er eit omgrep for fleire andre fenomen. Synest ikkje det er gjort på beste viset verken på engelsk eller bokmål wikipedia, så det kan det vel gjerast betre her? Hjelp. Her er eit første utkast til ein artikkel olje. Foreslår at det ikkje leggast inn noen synonym, dvs at ein alltid kjem til artikkelen Olje utan omtale av noen særskild type olje. Korleis ser det ut i forhold til det endelige utfalle av fleirtydingsdiskusjonen? roarjo 30. apr 2005 kl. 2052 (UTC)
- Eg trur forslaget ditt under er bra, slike løysingar eg vel ikkje diskutert så godt. Sida kan uansett flyttast så det er ikkje den heilt store risikoen å leggja det inn på olje. No har eg ikkje teke meg tid til å sjå på dei andre løysingane på en og nb. Kva vil du gjera med den siste olje? Eg trur elles at alle dei ulike oljene fortener sine eigne artiklar, men det er kanskje nok å nemna hovudkategoriane her? Då blir det vel eigentleg ein form for fleirtydingsside som det er støtte for på fleirtydingsdiskusjonen såvidt eg kan sjå. --Guttorm 30. apr 2005 kl. 2133 (UTC)
-
- Eg tykkjer forslaget under er fint i utgangspunktet, men er einig med Guttorm i at det kan verte for mange alternativ på ei side, iallfall dersom det er mykje som manglar i dei ymse kategoriane. -- Larsivi 1. mai 2005 kl. 0554 (UTC)
-
-
- Dersom lista ein gong blir for lang -- eg synest ikkje ho er det endå -- kan me sløyfa nokre alternativ og heller skriva "Animalske oljer, til dømes kvalolje, sildolje og tran", med ei lengre liste på Animalske oljer. Elles er det ei god liste som du bør legga inn på olje så fort du kan, Roarjo! -- Ranveig 1. mai 2005 kl. 0859 (UTC)
-
-
-
-
- Er einig at det berre er å leggje inn artikkelen. Slik den står no er det eigentleg ei fleirtydingsside, men eg kan tenka meg at den eigentleg kan utvidast ganske mykje og ettekvart vil kunne gå over til ein skikkelegare artikkel, og då vil det eigentleg mangle ei oversiktleg fleirtydingsside. Men men, det er eit problem for framtida :-) --Guttorm 1. mai 2005 kl. 1251 (UTC)
-
-
Oversikten flytta til Brukardiskusjon:Roarjo/Olje_artikkeloversikt - roarjo 7. juli 2005 17:50 (UTC)
[endre] Diverse spørsmål om skriveform
[endre] Stor eller liten forbokstav?
Språkrådet fortel ([1]): hovudregel liten forbokstav, unnatak særnamn og samnamn. Eksempel: krigar, historiske hendingar og epokar: Kielfreden fordi omgrepet startar med særnamn. Konsekvens:
- Mochekulturen, Mochesivilisasjonen, Mocheriket – fordi Moche er namnet på ein dal
- Moche – ei kort form av alle tre over -- og
- Warikulturen, Warisivilisasjonen, fordi Wari etter det eg nett fann her [2] var hovudstad i Waristaten
- Tiwanaku – ein stad, ein kultur
Skal ikkje namn på statar ha stor forbokstav? Under menyen historiske namn hos Språkrådet har vi Judariket og Romarriket, men inkariket og karolingarriket. Finst det ein logikk her? Tawantinsuyu er eit anna namn på inkariket. Skal det ha stor eller liten forbokstav? - roarjo 10. august 2005 kl. 08:59 (UTC)
[endre] Bindestrek
Råd hos spraakrad.no er fleirtydige. Sjå [3]. I samansetjingar med særnamn er det valfritt. Konsekvens:
- Moche-sivilisasjonen like bra som Mochesivilisasjonen?
- Kiel-freden like bra som Kielfreden
Spørsmålet er om det er ein innarbeidd praksis her. Viss ikkje vil eg foreslå bindestrek i samansetjingar kor særnamnet har framand opphav, t.d. Nazca-linjene, Nazca-kulturen, men trysildialekten. (Nazca er fleirtydig, men i dag først og fremst namnet på ein by, sjå Nazca) Kommentarar? - roarjo 10. august 2005 kl. 08:59 (UTC)
- Eg tolkar [3] som at det ikkje er valfritt:
- Geografiske og andre navn der førsteleddet sjøl er et egennavn, skal ikke ha bindestrek:
- Oslofjorden, Ekofiskfeltet, Krimkrigen, Warszawapakten, Wienkongressen
- Slik eg les [3], er det berre unntaksvis, nemleg der førsteleddet er ei forkorting ("Nato-land") eller eit ord som ikkje heilt klart er eit særnamn («Ord som ligger i grenselandet mellom egennavn og fellesnavn»), at bindestreken er valfri.
- Konsekvensen av denne tolkinga vert: Mochesivilisasjonen, Kielfreden, Nazcakulturen og Nazcalinene – ingen bindestrek tillaten!
- --Verdlanco\ordskifte 23. sep. 2005 kl. 10:40 (UTC)
-
- Språkråda er litt fleirtydige, dei skriv òg: i samansetjingar med særnamn: Oslo-mann eller oslomann. Nå vel eg å høyre på dykk som er språkfolk her. Då vert det utan bidestrek frå meg i slike ord. Og med liten forbokstav så langt som mulig. Kan vedgå at det også ser meir ”norsk” ut. -- roarjo 27. sep. 2005 kl. 16:42 (UTC)
[endre] Læreboknormalen
Etter det oppdaga her [4] er sideformene ikkje lov å bruke om ein skal følgje læreboknormalen. Betyr det at eg alltid skal skrive tydeleg, og ikkje tydelig som står i hakeparentes? Sjølv om lig-formene samsvarar godt med mange dialektar. - roarjo 10. august 2005 kl. 08:59 (UTC)
- Hovudformer er generelt bra. Men eg trur absolutt ikkje vi treng å uroe oss over sideformer med solid nynorsktradisjon og stor geografisk utbreiing av typen kløyvd infinitiv o.l. Eg trur heller ikkje at -lig bør vera noko problem — denne forma har solid talemålsgrunnlag, ho er identisk med andre skandinaviske skriftspråk — og attpåtil identisk med norrønt! Dessutan er det no slik at adjektiv på -leg/-lig ikkje akkurat er høgfrekvente som side- eller kategorinamn i alle fall... -- Olve 25. sep. 2005 kl. 04:40 (UTC)
[endre] Peruansk flagg
Vi kan godt bruke flagget med riksvåpenet, på men eg gjorde òg nokre andre eandringar i malen. Eg set inn att flagget eg. EIRIK\diskusjon 1. september 2005 kl. 15:52 (UTC)
[endre] Saltværing?
Jasså — så da e da du e? :-) Ja, «ska da va’ så ska da va’!» som ’ån sa, farfa’rn minn frå Innstranda innaførr Bode... Olve 18. okt. 2005 kl. 00:10 (UTC)
- Da må æ vel spør, kor i Saltn e du fra? (evt. andre plassa i Nordland) Røed (nb) 21:13, 9 mars 2007 (CET)
[endre] Flåte
(Klapping og jubel)
Interessant og velskrive! -- Ranveig 2. mars 2006 kl. 22:26 (UTC)
- Takk! Har endra og utvida litt, og sett pris på om nokon tar ein ny gjennomlesing og gjerne rettar/utvidar. Her er kanskje også fleirtyding: militær flåte, handelsflåte, flyflåte? osb. Roarjo 3. mars 2006 kl. 17:31 (UTC)
[endre] «Liste over ... »
Hei Roar :-) Vi unngår helst artikkelnamn av typen «Liste over ...» her på Nynorsk Wikipedia. Det er fleire grunnar til dette, men ein av dei viktigaste er at artikkelnamn som «Fyrstasjonar i drift i Noreg» innbyd meir til generell utviding enn artikkelnamn som «Liste over fyrstasjonar i drift i Noreg» gjer. -- Olve 11. juli 2006 kl. 17:29 (UTC)
[endre] Albatross og Askeladd
Kor har du det frå at petroleumsfelta Albatross og Askeladd ikkje finst? Det stemmer iallfall ikkje med kva Statoil fortalde oss då me byrja å jobba på Snøhvit-anlegget på Melkøya (nemleg at anlegget skal motta gass frå desse to felta i tillegg til Snøhvitfeltet). Så eg reverterar endringa di att om du ikkje snart kjem med dokumentasjon for at desse felta har forsvunne. Så kan du i tillegg skriva ein artikkel om petroleumsfelt som sluttar å eksistera og korleis dette går føre seg, ein gong du har tid. --Tannkrem 20:32, 30 november 2006 (CET)
- Om noko eksisterer må du først vise til pålitande kjelder. Så kan vi ta diskusjonen derifrå. Elles svar på Diskusjon:Snøhvitfeltet. Roarjo 23:32, 9 desember 2006 (CET)
[endre] Matsésfolk-biletet
Hei. Opplastaren av biletet kan ikkje skrive at han vil lisensiere biletet under GFDL, når han skriv på heimesidene sine at innhaldet ikkje er fritt. --EIRIK\diskusjon 18:46, 21 desember 2006 (CET)
[endre] Administrator
Du gjer særs mykje bra arbeid her og eg meiner det vil vere til gavn for Wikipedia på nynorsk om du ville ta på deg å vere administrator her. Er dette noko du kunne tenkje deg? --Jorunn 18:04, 19 januar 2007 (CET)
- Takk for spørsmålet, eg kan dessverre ikkje organisere tida mi slik at eg kan vere til nytte som administrator. Om (når) eg seinare får høve til å bruke meir tid her kan eg vurdere eventuelt kandidatur på nytt. Roarjo 22:08, 30 januar 2007 (CET)
- Takk for svaret. Du får berre seie til om og når du skulle få tid. --Jorunn 21:43, 1 februar 2007 (CET)