Robbie Williams
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robbie Williams (fødd Robert Peter Williams, 13. februar 1974 i Stoke-on-Trent i England) er ein engelsk songar og komponist som fekk gjennombrotet sitt i boybandet Take That som han var medlem til midten af 1990-talet. I 1996 gav han ut sin fyrste solosingel, George Michael-hiten frå 1990, Freedom.
Innhaldsliste |
[endre] Life Thru A Lens
Året etter kom den fyrste av hans eigne komposisjonar, Old Before I Die ut. Begge singlane vart nr. 2 på UK Singles Chart. 2 singlar til vart utgjevne, og deretter kom debutalbumet Life Thru A Lens. Berre Robbie Williams sine eigne komposisjonar var med på plata, som utelukka Freedom. Dei fleste songane på debutalbumet var skrive i samarbeid med Guy Chambers, det gjaldt m.a. Angels som vart den fjerde singelen frå albumet. Songen vart i 2005 kåra av BBC Radio 2 sine lyttarar, som den beste songen utgjeven i dei siste 25 åra i britisk musikk (1980-2005).
[endre] I’ve Been Expecting You
I 1998 kom det ein ny singel; Millenium, som opptakt til det andre albumet til Williams. I’ve Been Expecting You er endå, i 2006, det bestseljande albumet hans i heimlandet og inneheld i tillegg til Millenium, hitane She’s The One, No Regrets og Strong.
[endre] Sing When You’re Winning
Robbie Williams er vorte eit av dei størte namna innanfor popmusikk i dei fleste land. Musikken hans har likevel aldri hatt storpopularitet i USA. Nokre meiner det skuldast den kontroversielle musikkvideoen til den fyrste singelen til Sing When You’re Winning'; Rock DJ. I videoen dansar og strippar Robbie Willams, medan han er omgjeven av halvavkledde kvinner. Etter han har teke av kleda, byrjar han å han å flå huda av sig sjølv og deretter rive organa sine ut (dette er sjølvsagt dataanimeret). I videoen endar han som eit skjelett, medan han framleis dansar til musikken. Uansett kva ein meinte/meiner om songen, vart den ein stor hit. Det samme gjorde neste singel, som var ein duett med den australske songarinna Kylie Minogue. Idéen med songen var at den skulle vere i Grease-stil, og Robbie hadde utpeikt seg sjølv som John Travolta og Kylie Minogue som Olivia Newton-John. Albumet fekk fleire hit-singlar og eit par av songane vart òg innspelte på andre språk. Mellom anna kom Better Man ut på spansk og Supreme på fransk.
[endre] Swing When You’re Winning
Dette var det fjerde og minst suksessfulle albumet hans. Albumet indeheld cover-versjonar av gamle jazz-, blues- og popsongar. Den største suksess-singelen var ein ny versjon av Nancy og Frank Sinatra sin song Somethin’ Stupid. Robbie Williams song duetten med Nicole Kidman. Ein annan song som markerer seg på plata er ei nytolking af evergreenen Mr. Bojangles (tidlegare innspelt av m.a. Bob Dylan og John Denver).
[endre] Escapology
Feel, heitte den fyrste singelen frå det femte albumet Escapology. Feel vart ein af dei største hitane i karrieren hans, men fleire kritikarar hadde byrja å antyde at Robbie Williams sin suksess i svært høg grad skuldast medkomponisten hans, Guy Chambers. Som reaksjon braut Robbie makkerskapet og neste singel vart Come Undone, som ikkje hadde Chambers som medkomponist. Igjen hadde videoen eit eksperimentelt og provokerande uttrykk. Ein ser m.a. slangar og edderkoppar som kravlar ut og inn av kvinnelege munnar og vaginaer. Den usensurerte utgåva av videoen er svært vanskeleg å få tak, sidan det nesten ikkje er nokon fjernsynskanalar som har villa/kunne sende den.
Escapology-suksessen heldt fram med singlane Sexed Up og Something Beautiful.
[endre] Greatest Hits
I 2004 kom den fyrste offisielle samleplata hans, Greatest Hits, ut. Før utgjevinga av albumet kom singelen Radio. Den nye medkomponisten heitte Stephan Duffy. Radio vart kritikerrost, men vart blant folkesetnaden ikkje så populær som mange av dei tidlegare hits. Det betydde likevel ikkje noko for hitliste-plasseringane. Radio vart nr. 1 på UK Singles Chart.
[endre] Intensive Care
Intensive Care var det fyrste albumet etter brotet med Guy Chambers. Den fyrste singelen Trippin' var det delte meiningar om. Nokre meinte det var noko av det aller beste Robbie Williams hadde laga gjennom tida, andre meinte den var dårleg. Den neste singelen Advertising Space vart stort sett godt motteken. Songen handlar om Elvis Presley sitt liv og Robbie spelar sjølv Elvis i musikkvideoen.
Det vert anteke at Robbie Williams på verdsplan i dag har selt om lag 45 000 000 album.
[endre] Diskografi
[endre] Singlar
Robbie Williams har gjeve ut 26 singlar:
- Freedom (1996)
- Old Before I Die (1997)
- Lazy Days (1997)
- South of the Border (1997)
- Angels (1997)
- Let Me Entertain You (1998)
- Millennium (1998)
- No Regrets/Antmusic (1998)
- Strong (1999)
- She's The One/It's Only Us (1999)
- Rock DJ (2000)
- Kids (med Kylie Minogue, 2000)
- Supreme (2000)
- Let love Be Your Energy (2001)
- Eternity/Road to Mandalay (2001)
- Somethin’ Stupid (med Nicole Kidman) (2001)
- Mr. Bojangles / I Will Talk And Hollywood Will Listen (2001)
- My Culture (2002)
- Feel (2002)
- Come Undone (2003)
- Something Beautiful (2003)
- Sexed Up (2003)
- Radio (2004)
- Misunderstood (2004)
- Tripping (2005)
- Advertising Space (2006)
- Sin Sin Sin (2006)
- Rudebox (2006)
- Lovelight (2006)