Brukar:Roger/fag/romteknologi/inklinasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Generellt er Inklinasjon eit uttrykk for vinkelen ein akse eller eit plan har til eit referanseplan.
Uttrykket vert ofte nytta i astronomi, som ein av dei seks baneparameterane som skildrar ei rotasjonsbane (keplerbane) for ein planet eller ein satellitt rundt ein anna himmellekam. For ein satellitt i bane rundt jorda er inklinasjonen vinkelen baneplanet til satellitten har til jorda sitt ekvatorplan.
Døme på inklinasjonsvinklar mellom ein satellitt og jorda:
- ein inklinasjon på 0 grader betyr at ein satellitt går i bane rundt ein ekvatorplanet til jorda, med same fartsretning som rotasjonsretninga til jorda.
- ein inklinasjon på 90 grader vil seie at satellitten går i polar bane, satellitten går altså rett over nord- og sørpolen til jorda.
- ein inklinasjon på 180 grader vil seie at satellitten går i bane rundt ekvatorplanet til jorda, men i motsatt retning av jordrotasjonen.
![]() |
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |