Brukardiskusjon:Roger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innhaldsliste |
[endre] Språkfil
Sjå Wikipedia-diskusjon:LanguageNn.php#Category for svar på spørsmålet du la inn på wikipedia:samfunnshuset. --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 16:46 (UTC)
- Ok. Då berre håpar eg at nokon fiksar det snart då...
[endre] Velkommen
Velkommen! Detta bli bra, sjø! --Erling 7. august 2005 kl. 19:02 (UTC)
Velkommen, Roger! Spør gjerne om du lurer på noko! :) Bjarte 7. august 2005 kl. 20:58 (UTC)
jau takk for det! korleis er det med bilder som til dømes er nytta i den engelske versjonen, dei burde vel greitt kunne kopierast og nyttast i tilsvarande artiklar under nn?
- Hei & velkommen frå meg òg! :-) Når det gjeld bilete, så er det best å bruke bilete frå Commons, ettersom desse i utgangspunktet alltid har ein lisens som er kompatibel. Engelsk Wikipedia er litt slappe på lisenskravet, så om du vel å bruke bilete derifrå, så er det svært viktig at du berre brukar dei bileta som er tydeleg lisensierte etter GNU-FDL (GFDL), CC eller PD. Bileta bør så kopierast over til Commons og ikkje til Nynorsk Wikipedia, ettersom opplasting av mediafiler (inkludert bilete) til kvar enkelt Wikipedia fører med seg mykje meir press på tenarane. -- Olve 7. august 2005 kl. 22:25 (UTC)
- Hei Roger! Kanskje veit du det allereie men når du legg inn eit bilete på commons, så kan det nyttast på alle Wikimediaprosjekta, som f.eks. viss du skriv [[Fil:Flag of France.png|20px]] i ein artikkel her på nn:, så ser det slik ut:
EIRIK\diskusjon 21. august 2005 kl. 20:12 (UTC)
[endre] ncube.jpg
Kan nokon fortelje meg kva lisens som høver på det biletet, og _om_ det i det heile kan nyttast her?
Sjå http://www.romsenter.no/cgi-bin/bildebank/bildebank.cgi?action=view&link=Satellitter/NCUBE&image=00000404.jpg&img=&tt= og klikk på knappen for last ned bilete for å sjå kva utgjevar skriv om biletet... Sidan :nn er strenge på dette, så gjev eg frå meg oppgåva... Roger 27. okt. 2005 kl. 09:05 (UTC)
[endre] Ordbok
Firefox, Safari og andre frie nettlesarar har eit eige søkefelt der ein kan velje kva søkemotor ein vil bruka, og leggja til nye søkemotorar. Den norske versjonen av Firefox blir levert med Nynorskordboka og Bokmålsordboka som standard. Eg kan senda lasta opp fil med instruksjonar for andre nettlesarar dersom du ynskjer dette. --Guttorm 3. nov. 2005 kl. 23:39 (UTC)
- Notat til sjølv: søk på google på add search engine firefox so finn eg vel ut av det tenkjer eg. Har engelsk Firefox så der er ikkje norske ordbøker med, merkeleg nok... :-) Truleg nyttig verkøy ja. Men no er det natt Roger 4. nov. 2005 kl. 00:04 (UTC)
- Sjå wikipedia:språkhjelp :-) --Guttorm 4. nov. 2005 kl. 23:56 (UTC)
-
-
- Nyttig! Og her ligg link til side for å installere nynorsk og bokmålsordlista i søkefeltet, fann den etterkvart: [link for å legge til ordboka] --Roger 6. nov. 2005 kl. 22:09 (UTC)
-
-
-
-
- Ny link: [for å legge til ordboka] Den andre virkar ikkje lenger. Roger 14. mai 2006 kl. 10:02 (UTC)
-
-
[endre] Elektrisitetskategoriar
Bør det opprettast fleire kategoriar i tillegg til elektronikkategorien. Som for eksempel elektrisitet og elektroteknikk. Asgeir 5. nov. 2005 kl. 12:26 (UTC)
- Synst eigentleg det ja. Men eg er usikker på kva som skal ligge i elektroteknikk? Det veit vel kanskje du? Eg kjem til å få over artiklar frå svensk no, der tykkjer eg det ligg mykje bra. Begynner på A og jobbar meg nedover. Du må gjerne endre kategoriar om du har ein betre plan! Målet må iallefall vere å få mange artiklar. Roger 5. nov. 2005 kl. 12:30 (UTC)
- Eg har ei oppfatning om kva som ligg i omgrepet elektroteknikk, men eg er redd oppfatninga ikkje held mål når det kjem til stykket. Nokon plan har eg nok ikkje, men kanskje vi kan få det til likevel. Eg har og god tru på at gamle travarar (og kanskje nye) her på Nynorskwikipedia vil hjelpe til med å lage ei god kategorisering.Asgeir 5. nov. 2005 kl. 13:21 (UTC)
-
- Lurte på om eg skulle teikna meg eit "organisasjonskart" for å få litt oversikt for moroskuld. -- Roger 6. nov. 2005 kl. 21:52 (UTC)
-
- Om du er i tvil, legg ein artikkel i fleire kategoriar! Det er betre at han blir funnen enn at han er korrekt gøymd vekk. -- Ranveig 5. nov. 2005 kl. 13:48 (UTC)
[endre] Foreldrelause artiklar
Kva er det for kriterie som avgjer at ein artikkel er foreldrelaus, gjamfør [Spesial:Lonelypages]? Trudde det var at artikkelen ikkje låg under nokon kategori, men gjer no dei eg sjekka? --Roger 6. nov. 2005 kl. 00:58 (UTC)
- Ingen andre artiklar peiker til dei. -- Ranveig 6. nov. 2005 kl. 06:19 (UTC)
- Hugs at lista ikkje er oppdatert, sjå til dømes Spesial:Whatlinkshere/Kaffikopp. --Guttorm 6. nov. 2005 kl. 10:27 (UTC)
-
- Det lurte eg og på, kor ofte slike lister (og statestikksidene for den del) vert oppdaterte. Når det gjeld kaffikopp so greier ikkje å sjå kva som er feil? Ordet kaffikopp finn eg ved søk kun i ein anna artikkel, og det er ingen link der. Ordet står på lista over for foreldrelause sider. --Roger 6. nov. 2005 kl. 21:50 (UTC)
-
-
- Det er poenget. Når Spesial:Whatlinkshere ikkje listar nokon sider (slik som med kaffikopp) så er sida foreldrelaus. Kaffikopp er foreldrelaus av di ingen sider listar til den. Eg veit ikkje kor ofte slike lister blir oppdatert, men eg trur det normalt går veker mellom kvar gong, trur det varierar. --Guttorm 6. nov. 2005 kl. 22:52 (UTC)
-
[endre] Gratulerar med 12 000!
/ Kurtber™|Ordskifte 18. nov. 2005 kl. 10:16 (UTC)
Jau takk! Mange som jobba godt i går.... No er det berre 28000 artiklar igjen før vi tek att nb! :-) Gratuelere til oss! Roger 18. nov. 2005 kl. 10:35 (UTC)
[endre] Galdhøpiggen
Eg beklagar dersom eg øydela for deg, eg omsette frå brukarsida di, skjønar du. Det vart litt arbeid til inga nytte for deg, så eg beklagar. --EIRIK\diskusjon 1. jan. 2006 kl. 10:53 (UTC)
- Ikkje noko fare! Ikkje tok då ikkje so lang tid! Roger 1. jan. 2006 kl. 10:55 (UTC)
[endre] Omdirigeringskategoriar
Omdirigerte kategoriar fører dessverre berre til rot i systemet: Når ein skriv inn feil kategorinamn, så vil dette visast som blålenkje, men sida vil ikkje visast på den rette kategorisida. Slik var det òg i tilfellet kategori:norske høgskular. Om det ikkje finst ei slik omdirigeringsside, så vil det i det minste vera ei raudlenkje i slike fall. :] Olve 7. jan. 2006 kl. 19:32 (UTC)
-
- Greitt; det var vel nesten det eg trudde, men var nesten verdt forsøket. Tykte det var kjedeleg at det var skreve høgskolar og ikkje høgskular, og du ordna jo dette til det betre så eg er mykje fornøgd eg, no når eg ser at kategorien eg ikkje likte er borte vekk... :-) Mykje fornøgd med resultatet! Roger 8. jan. 2006 kl. 01:23 (UTC)
[endre] Klapp på skuldra
Takk for at du tok på deg ryddejobben etter at vandalane var ute og herja igjen! Det er eit slit, men truleg den beste løysinga. -- Ranveig 18. januar 2006 kl. 09:57 (UTC)
- Takk for det, opprydding synst eg er ein grei jobb, (men i går vart det i meste laget...) Roger 18. januar 2006 kl. 10:07 (UTC)
- Sidan du gjer så godt arbeid med opprydding tenkte eg å føra deg på opp på lista over kandidatar til å bli administrator, sjå Wikipedia:Administratorar. Ein administrator får tilgang til litt fleire oppryddingsfunksjonar. Er det noko du kunne tenkja deg? --Gunnernett 18. januar 2006 kl. 10:02 (UTC)
[endre] Kjem du på besøk?
Eg ser du skal til Brisbane? Eg bur og arbeidar for tida 1.5 time frå Brisbane, fram til 1. april. Skriv ein e-mail om du har lyst å møtast... Bjarte 27. januar 2006 kl. 09:51 (UTC)
-
- Det kunne jo vore kjekt det ja! Sender epost når eg kjem meg litt i ordning. Kjem ned 9. februar, og skal vere der til sommaren. Gir beskjed eg! Roger 27. januar 2006 kl. 10:02 (UTC)
-
-
- Koss går det i Brisbane? Eg var ein tur i Brisbane i går for å kika meg rundt. Bjarte 20. mars 2006 kl. 07:26 (UTC)
-
-
-
-
- Jau, Brisbane er bra. Komme igang på skulen og no, etter nesten ein mnd. ferie. Kva heiter det der du held deg forresten? Roger 21. mars 2006 kl. 02:25 (UTC)
-
-
-
-
-
-
- Tweed Heads/Coolangatta. Det er éin by, Coolangatta er på Queenslandsida av grensa, Tweed Heads rett på andre sida i NSW. Altså ca 100 km sør for Brisbane. Bjarte 21. mars 2006 kl. 11:35 (UTC)
-
-
-
[endre] tilbakerulling
Bra du tilbakerulla artiklane, eg gjer det ofte sjølv når eg er innom, sjølv om eg ikkje er administrator, men no fekk eg nett gje ein åtvaring før det var middag. jaja... :) --Anders 3. mai 2006 kl. 13:37 (UTC)
-
- Urk, ja, det var eit lite raid no. Forresten bra nokon gjev advarslar og....det gjere eg kanskje litt skjeldan. Men no er det påtide å sove! Roger 3. mai 2006 kl. 14:15 (UTC)
-
-
- (Sitat frå artikkelen It's A Wiki, Wiki World i siste nummer av Time.)
- --Verdlanco\ordskifte 3. mai 2006 kl. 16:28 (UTC)
-
Grunnen til at du hadde problem i dag var at det var to stykkar innom og herpa Emil samstundes. To mot ein er dårleg gjort seier dattera mi. --Ekko 29. mai 2006 kl. 09:50 (UTC)
- Er det mao. berre råd å tilbakerulle "over" ein brukar om gangen? Er det det du meinar? Har merka det tidlegare og, (var vel Hawaii det, utan å tenkje meir over grunnen... Roger 29. mai 2006 kl. 09:53 (UTC)
- Jau. Har ikkje prøva, men trur at ein kanskje kan merka Sammelikn og siste+den ein vill rulla attende til, for å rulla over fleire brukarar på ein gong. --Ekko 29. mai 2006 kl. 10:17 (UTC)
- Var det eg prøvde på. Det går jo fint å rulle tilbake over fleire endringar frå ein brukar iallefall. Eg får teste litt... Roger 29. mai 2006 kl. 12:28 (UTC)
- Jau. Har ikkje prøva, men trur at ein kanskje kan merka Sammelikn og siste+den ein vill rulla attende til, for å rulla over fleire brukarar på ein gong. --Ekko 29. mai 2006 kl. 10:17 (UTC)
[endre] Interwikilenkje-botar
Dersom ein interwikilenkje-bot ser ei lenkje på t.d. en: som går til ein artikkel på nn:, legg han til lenke frå nn: til en: dersom denne manglar. Dersom du fjernar alle dei feile interwikilenkjene som går til artikkelen på nn: på dei andre wikiane, vil heller ikkje botane leggje til feile interwikilenkjer på nn:. Eg håpar du skjønte dette. :-) --EIRIK\diskusjon 27. juli 2006 kl. 15:57 (UTC)
- Ok, takker! Då burde det mao vere greitt no, kanskje... Forresten; du har kanskje tips om korleis kjelde-verktøyet <ref> fungerar? Prøvde å bruke i NCUBE-artikkelen, men det vart jo ikkje heilt bra... Roger 27. juli 2006 kl. 16:46 (UTC)
[endre] Hei
Det er Nicolaym, eg lurer på korleis ein får Kalenderen som eg har øverst på sida mi korekt med tida?