Romfartøyet Orion
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orion er eit manna romfartøy som no er under utvikling i USA. Tidlegare i prosessen vart fartøyet kalla Crew Exploration Vehicle (CEV). Det nye romfartøyet skal erstatte romferjeflåten etter at dei tre siste romferjene vert sette på bakken for godt i 2010. Orion skal skytast opp med hjelp av det nye Ares I oppskytingsfartøyet, frå Kennedy Space Center. Orion vil frå starten brukast til å frakte mannskap og nyttelaster til den internasjonale romstasjonen, men er også tiltenkt å vere ein viktig del i framtidige ferder til Månen og Mars, etter 2015.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |