Romsdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romsdal er den midtre delen av fylket Møre og Romsdal og består av kommunane Aukra, Fræna, Midsund, Molde, Nesset, Sandøy, Rauma og Vestnes. Romsdal utgjer saman med Nordmøre og Sunnmøre dei tre tidlegare fogderia som utgjer fylket Møre og Romsdal.
Dialekten i Romsdal blir vanlegvis klassifisert blant dei nordlege e-måla av vestnorske målføre, men ber òg preg av naboskapet med trøndske målføre og midlandsmål.