Rype
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagopus |
||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Fjellrype |
||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||
|
||||||||||||
Artar | ||||||||||||
|
Rype (Lagopus) er ei lita slekt innan skogshønsfamilien som inneheld tre artar. I Noreg har me to typar der ein driv jakt på båe: Lirype og fjellrype. Den tredje, kvithalerype, finst bare i Nord-Amerika. Det finst fleire lokale variantar av artane, mellom anna skotsk rype (Lagopus lagopus scoticus), ei underart av lirypa som tidlegare vart rekna som ein eigen art.
Fuglane er standfuglar som held til i kalde område, som nord for polarsirkelen eller i fjella. Om vinteren får dei som regel kvit fjørdrakt. Føtene er fjørdekte, noko som har gjeve rypene det vitskaplege namnet deira. Det greske ordet Lagopus tyder nemleg harefot.
Rypene er hovudsakleg vegetariske, men unge fuglar et òg insekt.