Sameloven
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sameloven, eigentleg Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold, vart vedteken i 1987 i eit forsøk på å gjera god att mykje av den uretten samane hadde opplved frå det norske samfunnet.
Loven oppretta Sametinget og set retningslinjer for kva område det skal ta for seg, kven som kan stemma og bli valde inn på tinget, kor ofte vala skal skje og kva valkretsar som gjeld.
Sameloven seier òg at i dei kommunane som har veld å ha norsk og samisk til forvaltingsspråk, har einkvar rett til å uttala seg og få svar på samisk i tilhøve til offentlege organ, helsetenestar, politiet, rettsvesenet og Den norske kyrkja. Samisktalande har òg krav på undervisning på samisk.