Samisk språkforsking i Russland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samisk språkforsking i Russland fell i tre periodar, i tsartida, i dei første to tiåra etter den russiske revolusjonen, og i etterkrigstida.
Innhaldsliste |
[endre] Perioden før den russiske revolusjonen
Sentrale namn på 1900-talet er Nikolaj Haruzin, Alexandra Yakolevna Efimenko og Zachary Chernyakov.
[endre] Dei første tiåra etter revolusjonen
Sentrale namn er Vladimir Vladimirovich Charnoluskij, David Alexeyevich Zolotarevb, Vasiliy Kondratyevich Alymov, F.G. Ivano v-Dyatlov, Nikolai Nikolaevich Volkov.
[endre] Skriftfestinga av kildinsamisk
På same måte som for dei andre minoritetsspråka i Sovjetunionen, fekk det empiriske arbeidet eit oppsving i samband med den sovjetiske språkpolitikken. I 1932 drog ei gruppe frå Institut Narodov Severa til Notozero for å studere samisk. Resultatet vart ei ABC-bok basert på kildinsamisk (men med ein del trekk frå notozerosamisk), utgjeve i 1933. Sentral i dette arbeidet var A.G. Endjukovskij (Endjukovskij 1937). Grunnen til at kildindialekten blir lagt til grunn oppgir Endjukovskij til å vere det at dialekten er både sentral reint geografisk og talmessig mykje større enn dei andre dialektane. Med unntak av notozerodialekten (som er ein dialekt av skoltesamisk) er skilnaden koladialektane imellom meir leksikalsk enn eigentleg grammatisk, slik at Endjukovskij konkluderer at det er mogleg å skape eitt samisk skriftspråk. På bakgrunn av arbeid utført på reisa i 1933 publiserte Endjukovskij også skolebøker i lesing og rekning, grammatiske oversikter, eit par barnebøker, og politiske brosjyrar.
I 1937 vart det latinske alfabetet bytta ut med det kyrilliske. Endjukovskij publiserte også dei to lærebøkene som kom på kyrillisk i 1937, ei ABC-bok og ei lesebok (jfr. Kurutsj 1977). Kert 1975:210 skriv at undervisninga i samisk stoppa allereide i 1937, utan at han fortel korfor.
I 1982 kom den første nyare ABC-boka ut, skrive av Aleksandra Andreevna Antonova. Kurutsj 1977 seier at grunnen til at undervisninga på samisk skulle startast opp att var at ein hadde komme fram til at samiske barn hadde så mange interferensfeil i russisken sin at deira morsmål ikkje kunne vera russisk, og at ein derfor måtte gå inn for samisk som fag i skolen.
[endre] Etterkrigstida
Den viktigaste lingvisten har vore G.M. Kert. Han har skrive ei lang rekkje artiklar, og standardverket om kolasamisk, Saamskij jazyk, i 1975. Innafor leksikografi har Rimma D. Kuruč i lag med m.a. N.Je. Afanasieva gjeve ut ordboka Saamskij slovar´ (1985).
Andre aktive språkforskarar er Alexei Alexevich Kiselev, Ivor Fedorovich Ushakov, Tatyana Lukyachenko, P.M. Zajkov, V.V. Senkevič-Gudkova, Evigeniya Yakolevna Patsiya, Vladimir Ya. Shumkin, og Marina Kuropyatnik.
[endre] Litteratur
- Endjukovskij, A.G. 1937: Saamskij (loparskij) jazyk. Jazyki i pis'mennost' narodov severa. tsjast' I. Moskva-Leningrad.
- Kert, Georgij Martynovitsj 1975:Saamskij jazyk. Osnovy finno-ugorskogo jazykoznanija. Pribaltijsko-finskie, saamskij i mordovskie jazyki. pp.203-247. Moskva.
- Utvik, Unni K. 1985: Kolasamene - fra tsarens undersåtter til sovjetiske borgere. Hovedoppgave, Russisk institutt, Universitetet i Bergen.
[endre] Sjå også
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |