Sandkasse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein sandkasse er ein låg, vid kasse eller grunn nedsenking i bakken fylt med sand der ungar kan leike. Sandkassar finst ofte på leikeplassar, men i motsetnad til anna utstyr på leikeplassar er dei såpass enkle å byggje at dei òg finst på ein del bustadeigedomar.
Sandkassar stimulerer fantasien og kreativiteten til ungane ved at dei kan byggje små byar eller sandslott, bruke leiker som bilar, bøtter og spadar til å flytte sanden rundt, grave hòl og grave ned ting. På denne måten kan ungane utforske, bygge og øydeleggje ei verd i tre dimensjonar.