Sandtorg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandtorg er ei bygd ved Tjeldsundet i Harstad kommune med ca 300 innbyggjarar. Viktigaste arbeidsstad er Rødskjær industriområde der SIVA driv produksjon av plastbåtar. Ved den over 220 år gamle handelsstaden ligg eit hotell og campingplass. Sandtorg grensar mot fylkesgrensa til Nordland i sør og nabobygda Haukebø i nord.
Innhaldsliste |
[endre] Tidlegare kommune
Sandtorg var tidlegare eigen kommune med Harstad som administrasjonsstad. Kommunen grensa mot byskiljet i nord og fylkesgrensa til Nordland i sør.
[endre] Sandtorg prestegjeld
Sandtorg prestegjeld vart oppretta med eige sokneprestembete i 1956. Sandtorg kyrkje ligg i Sørvik, 20 km sørom bygda Sandborg.
[endre] Sandtorg bygdetun
Sandtorg bygdetun ligg ved Sandtorg kyrkje i Sørvik. Bygdetunet er ei samling av lokale bygningar — dei eldste stammar frå 1700-talet.