Sarlat-la-Canéda
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sarlat-la-Canéda | |
Departement | Dordogne |
Region | Aquitaine |
Folketal | 9 707 (1999) |
Folketettleik | 206 innb./km² |
Flatevidd | 47,13 km² |
Sarlat-la-Canéda, tidlegare berre kalla Sarlat, er ein by og kommune i departementet Dordogne i Frankrike. Sarlat er kjend for mange mellomalderbygningar som trekk hordar av turistar om sommaren. I den same perioden er det også ein teaterfestival i byen[1].
[endre] Historie
Gamlebyen i Sarlat vaks fram kring eit benediktinarabbedi som gjekk attende til Karl den Store si tid. Byen hadde høgdepunktet sitt som senter for eit stort klostergods på 1200-talet. Abbediet var eitt av seks store kloster i provinsen Périgord og var det einaste som blei spart for vikingane sine herjingar. I 1153 kom klosteret under direkte vern av Paven og i 1318 blei det sete for eit nytt bispedøme. Abbedi-kyrkja blei etter den tid domkyrkje og Sarlat held fram med å spele ein viktig rolle som kyrkjesentrum fram til den franske revolusjonen.
Som sentrum for store kyrkjegods var byen eit attraktivt politisk mål under Hundreårskrigen mellom franskmenn og engelskmenn og byen kom vekselsvis på engelske og franske hender. Under Fronden blei byen i 1652 okkupert av troppane til Prinsen av Condé. Etter den franske revolusjonen blei bispedømet lagt ned og byen miste den framtredande rollen den hadde. På 1960-talet ville ein rive dei gamle bygningane, men dei blei redda i siste liten av vernelova som André Malraux fekk gjennom i 1962.
[endre] Kjende folk frå Sarlat
- Étienne de la Boétie
- Gabriel Tarde
[endre] På verdsveven
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |