Sekvensstyring
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sekvensstyring er automatisering av mekaniske rørsler som går i sekvens, altså i ei rekkjefølgja som er fastsett på førehand. Sekvensstyring er svært vanleg å bruka i matvareproduksjon.
[endre] Styring
Å styra ein sekvens kan gjerast ved hjelp av relè og/ eller PLS, eller ved hjelp av pneumatikk. I dag er det mest vanleg å bruka PLS til sjølve styringa, medan ein brukar relè eller andre instrument til å utføra konkrete oppgåver som t.d. start og stopp av motorar. I tillegg nyttar ein ulike typar av gjevarar, meldarar og brytarar for å gje attendemelding til styresystemet om kor langt sekvensen er komen.
[endre] Bruksområde
- Samlebandsarbeid, der ein tidlegare har hatt folk ståande ved bandet for å utføra eit arbeid på arbeidsmiddelet, vert i dag oftast styrt automatisk.
- Automatiske skyvedører er eit døme på ein svært kort sekvens.
[endre] Sjå òg
- Robot
- Reguleringsteknikk
- Elektromekanikk
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |